På Nebo Bjerg? Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft ...

På Nebo Bjerg? Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på Møre

Forfatter(e):

Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Masteroppgåve Høgskulen i Volda - mai 2011

Rapportnr:

19
|

Isbn/Issn:

ISBN 978-82-7692-313-1 ISSN 1891-5981

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

141

Nøkkelord:

Arbeidskraftbehov,  Arbeidsmarknad,  Flyttemønster,  Høgare utdanning,  Innovasjon ,  Innvandring,  Integrering,  Maritim næring,  VRI 
Ei av dei største utfordringane i Møre og Romsdal er tilgangen på kompetent arbeidskraft. Verksemdene i fylket er inne i eit paradigmeskifte, frå meir ressursbaserte produksjonsverksemder til at dei i auka grad er leverandørar av kunnskapsbaserte tenester. Dette har ført til at Møre og Romsdal har eit større behov for kompetent arbeidskraft enn den regionale marknaden kan dekke, og verksemdene ser derfor ut av fylket og landet for kompetansen dei treng.
 
Denne studien har sett på korleis høgkompetent utanlandsk arbeidskraft opplever møtet med den maritime klynga på Møre og omgjevnadane. Det er også sett på deira rolle i høve innovasjon i verksemdene. Studien syner at dei høgkompetente utanlandske arbeidarane opplever det som vanskeleg å kome inn i ringen av etablerte vennskap og relasjonar på staden. Dette meiner dei at vert dratt inn i verksemdene. Dei opplever  at arbeidsmetodane er gjennomsyra av ”taus kunnskap”: kunnskap som ikkje finst i skriftleg form, og som ei heller er nedteikna i til dømes arbeidsrutinar eller prosedyrar. Den må erfarast, noko som dei opplev som vanskeleg fordi det er ei utfordring å bli invitert inn i ringen av det dei ser på som ei etablert gruppering.
 
Fleire av dei høgkompetente utanlandske arbeidarane erfarar at dei vert sett til meir rutineprega arbeid, og deira moglegheiter for å delta i innovative prosessar vert redusert. Dei saknar formalisert kunnskap og det dei ser på som ei profesjonalisering av arbeidet. Dette stiller oss over i ein situasjon der det er behov for at begge partar må tileigne seg ny kunnskap om korleis ein skal innrette seg på den eine sida, men også forståing og aksept for ulike måtar å organisere produksjonen og prosessane på. Det er ikkje nødvendigvis slik at den eine eller den andre måten å gjere ting på er feil, men ein kombinasjon av ulike typar læring og kunnskap kan kunne tenkast å vere vegen å gå. Ein kan ikkje forvente at dei norske verksemdene skal legge om sin struktur, men ein kan forvente at dei gjer sitt for å føre dei utanlandske inn i våre norske måtar å arbeide på og norsk organisasjonskultur. Studien tek føre seg 116 verksemder i Herøy, Ulstein, Hareid, Ålesund, Sula og Giske. Studien omfattar 53 høgt utdanna innvandrar som var respondentar til ei spørjeundersøking og 12 av desse vart dybdeintervjua.
 
Mastergradsoppgåve er gjennomført som ein del av VRI – prosjektet: ”Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid – Kva gjer marine og maritime arbeidsplassar i Møre og Romsdal attraktive for høgt utdanna arbeidskraft?”.