Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal

Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal

Arbeidet med å sikre rekruttering og busetjing har høg prioritert frå Møre og Romsdal fylke. Det er sett i gang eit langsiktig program for å koordinere og styrke dette arbeidet - Tilflytting og rekruttering 2017 (”Move to MoRe”).
 
Møre og Romsdal har vore gjennom ein lang periode med stor etterspurnad etter kompetanse på alle nivå. Manglande tilgang på arbeidskraft kan ha bremsa veksten i fleire næringar dei siste åra. Med svakare vekst i økonomien og stigande arbeidsløyse kan føresetnadene for veksten vere i ferd med å endre seg. Det er likevel behov for å vurdere behovet for kompetanse og arbeidskraft i fylket, både på kort og ikkje minst på lengre sikt. Møreforsking vil på oppdrag frå fylket og NAV Møre og Romsdal gjennomføre ei undersøking av dette temaet. Undersøkinga skal omfatte alle kommunane, samt mange bedrifter i fylket.

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

17106
|

Prosjektansvarlig:

Finn Ove Båtevik
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal fylkeskommune, NAV Møre og Romsdal