• Møreforsking
  • Organisasjon
  • Tilsette
  • Vi tilbyr
  • Prosjektgjennomføring
  • Personvern
  • Møreforsking på Nordmøre
  • Jobb hos oss?
  • Kontakt oss
  • Nyheiter

Vi tilbyr

Vi kan tilby forsking og kunnskapsbaserte utviklingstenester på eit breidt felt av fagområde. Vår styrke er tverrfagleg anvendt kunnskapsutvikling og formidling retta mot å løyse problem, eller møte kunnskapsbehov som kundane har. Vi driv både oppdragsforsking og eigeninitierte forskingsprosjekt.
 
Vi kan levere:
  • Vitskaplege undersøkingar på oppdrag frå offentlege eller private aktørar
  • Forskingsbaserte analysar og utgreiingar
  • Evalueringar og støtte til utvikling av evalueringsopplegg/ -system
  • Studiar av samfunns- eller næringspolitiske problemstillingar gjennom bruk av vitskaplege metodar
  • Leiing, fasilitering og følgjeforsking av utviklingsprosessar eller evalueringar av slike
  • Aksjonsforsking i samarbeid med bedrifter og organisasjonar
  • Arrangere seminar, workshops, konferansar o.l.
  • Foredrag innan tema vi forskar på eller har kunnskap om
Vi kan og ta på oss utvikling, gjennomføring, administrasjon og leiing av forskingsprosjekt på vegne av andre på fagområde som er relevante for oss.
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook