Marte Fanneløb Giskeødegård

Marte Fanneløb Giskeødegård har en PhD i sosialantropolog fra NTNU, spesialisert i organisasjon og arbeidsliv. Viktige interesseområde har vore globalisering av arbeidslivet, samarbeid mediert av teknologi, standardisering, og korleis organisasjonar tilpassar seg det å arbeide i eit miljø som inneber ulike nasjonale og kulturelle kontekstar. Sistnemnde også i forhold til tilsette sine arbeidsbetingelsar. I forbindelse med arbeidet har ho gjort etnografisk feltarbeid i Noreg, USA og Argentina.
 
Ho har tidligere vore tilsett som stipendiat ved Sosialantropologisk institutt, NTNU. Marte har undervisningserfaring på ulike nivå i emne som til dømes sosial organisasjon og identitetsdanning, kulturforståelse og internasjonalisering, bedrifts- og organisasjonsantropologi, og kunnskapsleiing i ein global økonomi. Ho har også vore involvert som forelesar i NTNU si satsing på tverrfagleg samarbeid ”Ekspertar i Team”.