Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Godt år i 2011

Godt år i 2011

Møreforsking hadde et bra år i 2011 målt både i aktivitetsnivå og økonomiske resultat. Vi hadde bra vekst i oppdragsmengda frå den regionale marknaden, både frå næringslivet og offentleg sektor. Vi auka bemanninga med to årsverk, og det er no til saman 57 tilsette i Møreforsking, fordelt på avdelingane i Volda, Ålesund og dotterselskapet Møreforsking Molde AS.

 
Konsernet Møreforsking hadde ein omsetnad i 2011 på 46 mill. kroner, og resultatet etter skatt var på 0,75 mill. kroner. Alle avdelingane gjekk med overskot.
 
Netto oppdragsinntekter auka med 22 % i 2011, og det var oppdrag frå næringslivet og kommunar/fylke som stod for heile denne auken. Samanlikna med andre forskingsinstitutt har vi ein meir næringsretta profil. Halvparten av inntektene til Møreforsking kom i 2011 frå næringslivet eller regional offentleg sektor. 35 % av oppdragsinntekta kom frå departement eller direktorat, medan 15 % av inntekta kom frå Forskingsrådet.
 
Møreforsking hadde ved årsskiftet 57 tilsette med hovud- eller bistilling. Av desse hadde vi 22 medarbeidarar doktorgrad eller tilsvarande kompetanse.
 
Vi hadde 226 ulike prosjekt under arbeid i 2011, og talet på prosjekt auka med 30 frå 2010.  Mesteparten av denne auken kom i form av større prosjekt og prosjekt som går over fleire år. Det vart publisert 44 rapportar i 2011 i eigen regi og 5 rapportar i samarbeid med andre forskingsmiljø.
 
Auka aktivitetsnivå og nye satsingar gjer at Møreforsking i 2011 investerte i nytt anlegg for å drive forsøk med levande marine organismar på Atlanterhavsparken i Ålesund. Vi er vidare i ferd med å etablere nye laboratorie på Høgskolen i Ålesund. Møreforsking Marin flyttar inn nye lokale i Norsk Maritimt Kompetansesenter i mai 2012.
 
Morselskapet Møreforsking AS er eigd av Høgskulen i Volda, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Molde med 18% kvar, Møre og Romsdal fylkeskommune 36% og Stiftelsen Møreforsking 10%. I konsernet inngår i tillegg Møreforsking Molde AS, der Møreforsking AS eig 51%  og Høgskolen i Molde 49%.