Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: Utdanningstilbodet på Vestlandet - sett i lys av behov i ...

vestlandkart1.jpg

Ny rapport: Utdanningstilbodet på Vestlandet - sett i lys av behov i leverandørindustrien til sjømatnæringa

Møreforsking har på oppdrag frå Vestlandsrådet sett nærmare på utdanningstilbodet på Vestlandet, og sett det opp mot kompetansebehov i leverandørindustrien til sjømatnæringa. Rapporten gir ei oversikt over omfang og lokalisering av ulike tilbod, og innsikt i grad av kopling og samsvar mellom behova i industrien på den eine sida og tilbodet av utdanning på den andre.

Som del av utviklinga i sjømatnæringa har det vekse fram ein eigen leverandørindustri, med eit tyngdepunkt på Vestlandet. Denne framveksande industrien gir nye behov for arbeidskraft, og  tidlegare studiar viser at leverandørverksemdene etterspør både faglærde og høgare utdanna i eit breitt spekter av fagkategoriar. I denne rapporten har vi kartlagt utdanningstilbodet på Vestlandet basert på behov i leverandørindustrien, undersøkt i kva grad det er kopling mellom industrien og særleg relevante utdanningar og gjort ei vurdering av samsvar mellom behova og det regionale tilbodet av utdanning.

Kartlegginga viser at tilbodet av det som kan vere relevante utdanningar samla sett er relativt godt på Vestlandet men at det er stor geografisk spreiing av enkelte tilbod. Vidare gis det eit bilde av ein industri som er stadig meir på-kopla og synleg opp mot utdanningstilbydarane, og er i ferd med å definere kompetansebehova sine meir tydeleg. Til tross for at mange utdanningar kan vere relevante for leverandørindustrien, kjem det fram at delar av industrien har særskilde behov og det er identifisert nokre innhaldsmessige gap i utdanningstilbodet i forhold til å dekkje desse. Overordna verkar eit kjerneelement i dette å handle om behov for å kople ulike typar fag i større grad. Særleg kombinasjonen av biologi/kjemi på den eine sida og teknologi/prosess på den andre blir framheva som viktig for leverandørverksemdene. Vidare gir rask innovasjon av teknologi og utstyr i denne industrien eit behov for utdanningsløp med rom for kontinuerleg oppdatering og tett samarbeid mellom skule og bedrift.

Kartlegginga har vist at mykje er i emning for å dekkje innhaldsmessige gap, men at det samtidig er for tidleg å seie noko om nye tilpassingane er i samsvar med behova -både i omfang og innhald. Viktigheita av strategisk og forpliktande samarbeid mellom utdanningstilbydarar, næringsliv og politikarar, gjerne på tvers av fylke, vert løfta fram som viktig for å følgje opp denne utviklinga framover.

Les heile rapporten her.