Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

FoU-prisen 2012 ved Høgskulen i Volda til professor Jørgen Amdam

FoU-prisen 2012 ved Høgskulen i Volda til professor Jørgen Amdam

Professor Jørgen Amdam vart tildelt Forskings- og utviklingsprisen for 2012. Amdam vart tildelt prisen for sin svært store forskingsinnsats gjennom fleire år, på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå.

 
FoU-prisen
FoU-prisen har vore utdelt kvart år sidan 2006. Målet med prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Ved sidan av å gi honnør til prisvinnarane er intensjonen med prisen at vinnarane skal fungere som førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar.
 
Aktiv forskar
Publikasjonslista til professor Amdam er imponerande. Han er i tillegg ein ettertrakta føredragshaldar og har vore svært aktiv i samfunnsdebatten gjennom sitt målretta formidlingsarbeid. Gjennom sitt arbeid har han medverka i FoU-arbeid med stor relevans for både Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Han har hatt mange faglege og fagpolitiske verv. Hans store arbeidskapasitet og engasjement for faget, studentane og høgskulen, vert vektlagd i grunngjevinga for tildelinga. Han vert òg framheva som ein raus og inkluderande person, med gode evner som miljøbyggjar og inspirator internt ved høgskulen.
 
Karriere
Amdam byrja å jobbe ved Møre og Romsdal Distriktshøgskule (no: Høgskulen i Volda) i 1973. Han fullførte graden Dr. scient. ved Norges Landbrukshøgskole (no: Universitetet for miljø- og biovitenskap, i Ås) i 1974, og har vore professor i kommunal og regional planlegging og administrasjon sidan 1994. I perioden 2007-2011 var han rektor ved Høgskulen i Volda.
 
Møreforsking AS gratulerer Jørgen Amdam med FoU-prisen 2012!
 
Du kan lese meir om prisutdelinga under Forskingsdagane i Volda her.