Analyse av byregionen Volda/Ørsta

Analyse av byregionen Volda/Ørsta

Møreforsking skal saman med Telemarksforsking analysere moglege utfordringar og satsingsområde for at Volda og Ørsta skal samarbeide om å bli å styrke seg som ein fjerde byregion i Møre og Romsdal. Hensikta med analysen er å legge grunnlaget for at Volda/Ørsta kan søke om å vere med i del 2 av KMD sitt byregionprogram.

Den sentrale problemstillinga i prosjektet dreier seg om korleis Volda/Ørsta skal kunne utvikle vertskapsrolla for å kunne posisjonere seg som by/regionsenter i ein region som manglar ein stor by, men som i staden har fleire senter av tilnærma lik storleik. Volda/Ørsta sin spesielle situasjon med to senter som i nokre samanhengar kan seiast å vere komplementære, i andre samanhengar gjensidig forsterkande og i atter andre samanhengar konkurrerande, skaper både moglegheiter og utfordringar. Det same kan ein seie om dei spenningar ein vil kunne finne mellom Ørsta/Volda som ein fjerde by og området rundt. Sjølv om intensjonen er at eit styrka regionsenter lokalisert i Volda/Ørsta skal kome heile regionen til gode, må ein erkjenne at t.d. Ulstein, Hareid, Fosnavåg, Stryn og Ålesund for den del nok kan vere skeptiske til om ei slik utvikling vil gagne dei. Å finne moglegheiter for samhandling rundt felles interesser er derfor ein viktig del av analysen. 

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

17199
|

Prosjektansvarlig:

Gro Marit Grimsrud
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Analyse av byregionen Volda/Ørsta

Oppdragsgiver:

Volda Kommune

Samarbeidspartnere:

Marit Owren Nygaard og Knut Vareide ved Telemarksforsking

Prosjektdeltakere:

Kjersti Straume