Unge vaksne

Unge vaksne

Studien er basert på eit longitudinelt datamateriale, som har vore samla inn om ungdom med særlege opplæringsbehov i vidaregåande opplæring. I tre tett samanbundne prosjekt har ein følgt dei same personane gjennom ein 11-årsperiode, for dei fleste frå alderen 17 til 28 år. Dei tre prosjekta er: ”Reform 94 – særskilt tilrettelagd opplæring” (Finansiert av KUF 1995 – 2000), ”Vaksenliv på særvilkår? Vegen ut i samfunnet for elevar med særskild tilrettelegging i vidaregåande” (Finansiert av NFR 2000 – 2004) og ”Unge vaksne”. Gjennom arbeidet har ein både sett på opplæringsvilkår i vidaregåande opplæring og overgangen til vaksenlivet. Arbeidet er dokumentert gjennom ei rekkje faglege rapportar, bokkapittel og artiklar.

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

1767
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Unge vaksne

Oppdragsgiver:

Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda

Prosjektdeltakere:

Finn Ove Båtevik, Irene Bele, Eli Fjeldseth Røys