Ørsta, regionen og Eiksund-sambandet

Ørsta, regionen og Eiksund-sambandet

 
Møreforsking har gjennomført to kartleggingar av utviklinga av Søre Sunnmøre knytt opp til Eiksund-sambandet og den framtidige Kvivsvegen. Begge analysane vart gjennomført på oppdrag frå Sparebank1 Søre Sunnmøre, og hadde som mål å peike på den breidda endringar ein kan sjå av ei vegutløysing a la Eiksund-sambandet, spesielt når dette kjem i eit relativt folkerikt område, med eit stor næringsaktivitet, fleire vekstkraftige senter og der ein på fleire viktige område har ein godt utbygd infrastruktur.
 
Ørsta kommune ønskjer at Møreforsking på grunnlag av den kartlegginga som er gjort i regionen, skal gå vidare med ein samfunnsanalyse der utviklinga av Ørsta og Eiksund-regionen blir sett i samanheng. Arbeidet er tenkt som grunnlag for den kommunale planstrategien og samfunnsdelen av kommuneplanen og dermed fungere som ei støtte for framtidige prioriteringar i kommunen.
 
Det er naturleg å sjå arbeidet i samanheng med at det blir lagt vekt på at attraktivitet skal vere eit sentralt omgrep for planstrategien i Møre og Romsdal fylkeskommune i åra som kjem. Slik sett er det viktig å sjå kva regionale endringar opning av nye vegsamband kan ha i forhold til tilrettelegging for befolkninga generelt, for næringsutvikling og for trivsel.

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

17151
|

Prosjektansvarlig:

Finn Ove Båtevik
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Ørsta, regionen og Eiksund-sambandet

Oppdragsgiver:

Ørsta kommune

Prosjektdeltakere:

Geirmund Dvergsdal,