Studie om samfunnseffektar av Kvivsvegen

Studie om samfunnseffektar av Kvivsvegen

Utgangspunktet for prosjektet er å legge til grunn relevante forhold som vil påverke samfunnet ved opninga av Kvivsvegen hausten 2012. Det er tenkt å gjennomføre ein nullpunktsanalyse i 2011, samt ein effektanalyse i etterkant av sambandsopninga – mogleg i 2013.
 
Dei aktuelle kommunane som blir påverka av dette nye sambandet er primært Volda, Ørsta, Hornindal og Stryn, med sekundærkommunar som Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, og Eid. I regionalt perspektiv vil alle transportaksar tilknytt Eiksund-sambandet og Kvivsvegen bli påverka, men det vert lagt ei avgrensinga som ikkje tek omsyn til tertiære regionar.
 
Kvivsvegen vil knytte saman ein større bu- og arbeidsmarknadsregion i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjordeid. Kvivsvegen vil opne for eit nytt aust/vest samband mellom Søre Sunnmøre og Austlandet via fylkesveg 15 Strynefjellet.

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

17131
|

Prosjektansvarlig:

Finn Ove Båtevik
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Studie om samfunnseffektar av Kvivsvegen

Oppdragsgiver:

Sparebank 1 Søre Sunnmøre

Prosjektdeltakere:

, Geirmund Dvergsdal