Samfunnsmessige konsekvensar av ein alternativ organisering av den of...

dentist-428646_960_720.jpg

Samfunnsmessige konsekvensar av ein alternativ organisering av den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal

Møreforsking Volda AS har fått i oppdrag frå Fylkestannlegen å undersøkje kva samfunnsmessige konsekvensar ein omorganisering av den offentlege tannhelsetenesta vil ha opp mot hovudmåla for den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal fylkestannlegen har som hovudmål fram mot 2025 å sikre kvalitet og pasientsikkerheit; robuste kompetansemiljø; ei berekraftigklinikkorganisering; og folkehelsearbeid og samhandling med kommunane. Nokre hovudutfordringar for tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har vore knytt til endringar i befolkninga si samansetning og behov, og større krav til kvalitet, kompetanse og pasientsikkerheit med rekrutteringsutfordringar og ustabil bemanning. Konsekvensutgreiinga tar utgangspunkt i tre aspekt ved samfunnsmessige konsekvensar: administrative konsekvensar, tenestemessige konsekvensar, og distriktsmessige konsekvensar, som skal knytast opp mot dei fire hovudmåla nemnt ovanfor.

 

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

17210
|

Prosjektansvarlig:

Sarah Anderson
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Samfunnsmessige konsekvensar av ein alternativ organisering av den offentlege tannhelsetenesta i Mø...

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal fylkeskommune

Prosjektdeltakere:

Sarah Anderson, Lars Julius Halvorsen, Kjersti Straume, Olav Fure