Auka kontakt mellom studentar og marint næringsliv i Møre og Romsdal

thumb142.jpg

Auka kontakt mellom studentar og marint næringsliv i Møre og Romsdal

Sjømatnæringa har tradisjonelt sett rekruttert arbeidskraft gjennom familie og lokalsamfunn, og marin kompetanse har vorte bygd opp gjennom erfaring og kunnskapsoverføring mellom slekt og kollegar. Erfaringsbasert realkompetanse er framleis viktig for næringa, men i nyare tider er meir av den marine kompetansebygginga formalisert gjennom utdanningsløp på ulike nivå. 

Ved å flytte meir av opplæringa frå næringa og inn i utdanningsinstitusjonane, kan det vere ein risiko at studentane vert meir distanserte frå næringslivet og får mindre praktisk forståing og kontakt med framtidige arbeidsgivarar. Nyare forsking har peika på at nyutdanna kandidatar manglar nettopp praktisk erfaring, og at det er behov for at dei marine bedriftene er meir synlege der studentane er - og vice versa. 

Møreforsking skal i samarbeid LEGASEA TM, FHL og Høgskolen i Ålesund sjå nærmare på korleis ein kan konkretisere målet om tettare samarbeid mellom marint næringsliv og studentar i Møre og Romsdal. Dette prosjektet vil identifisere mulege kontaktpunkt mellom studentar og sjømatbedrifter i regionen. I fyrste omgang med fokus på utdanningsinstitusjonar i regionen, men planen er å byggje vidare på resultata frå dette prosjektet til å realisere eit eller fleire av dei skisserte tiltaka og utvide målgruppa til studentar både nasjonalt og internasjonalt. 

 

Bilderettigheiter: Sett Sjøbein

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

54787
|

Prosjektansvarlig:

Lovise Kvalsund Otterlei
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Auka kontakt mellom studentar og marint næringsliv i Møre og Romsdal

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal Fylkeskommune

Samarbeidspartnere:

LEGASEA TM, Fiskeri og Havbruksnæringens Landsforening (FHL) og Høgskolen i Ålesund (HiÅ)

Prosjektdeltakere:

Lovise Kvalsund Otterlei, Bjørn Tore Nystrand, Marianne Lindhjem Staurset