Nyheter

Boligsosialt arbeid og planlegging II

Boligsosialt arbeid og planlegging II

Kompetanseutviklingsprogram for Boligsosialt arbeid og planlegging vart gjennomført på oppdrag frå Husbanken, Region Midt-Norge. Notatet er ein oppsummering av arbeidet Møreforsking Volda har gjennomført i prosjektet saman med Husbanken, Region Midt-Norge og kommunane Molde, Steinkjer, Stjørdal og Levanger.

 
Gjennom det siste året har dei fire kommunane vore samla til to felles nettverkssamlingar, og har gjennomført to arbeidsmøte i dei respektive kommunane der Møreforsking Volda og Husbanken har delteke. I tillegg har dei kommunale prosjektleiarane og arbeidsgruppene arbeidd sjølvstendig med ulike oppgåver og problemstillingar.
 
Hovudvekta i notatet er lagt på Social Network Analyses (SNA) og korleis ein har brukt det i analysen av det boligsosiale nettverket i kommunane.  
 
Prosjektet har blitt finansiert gjennom Husbanken sine midlar for kompetanseutvikling, og gjennom substansiell eigeninnsats i kommunane.
 
Notatet kan du laste ned her.
 
Nærare informasjon om dette prosjektet ved Susanne Moen Ouff, Møreforsking Volda.