Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Tilflyttingsarbeid verkar for dei få

Tilflyttingsarbeid verkar for dei få

Dei fleste kommunane i Distrikts-Noreg arbeider for å auke tilflyttinga. Rapporten «Tilflytting for enhver pris?» viser at det er få som flyttar på grunn av denne aktiviteten, og forskarane stiller spørsmål om tilflyttingsarbeidet har hatt ei for snever innretning.

 
Tilflyttingsarbeidet er berre ein av fleire faktorar som påverkar flyttelysta til folk, og difor er det vanskeleg å måle kva effekt dette arbeidet har. Rapporten viser likevel eksempel på at tilflyttingsarbeidet av og til kan vere avgjerande for at eit hushald vel å flytte, men at dei fleste som flyttar til distrikta gjer dette uavhengig av tilflyttingsarbeidet til kommunane.
 
Dei prosjekta som har rekruttert flest flyttarar er dei som har vore mest spissa mot ei bestemt målgruppe (t.d. livsstilsflyttarar frå Mellom-Europa, skientusiastar, kunstnarar), og som har gjort grundig forarbeid for å finne ut kva målgruppa er ute etter – samstundes som dei har hatt eit realistisk perspektiv på kva dei dei sjølv kan tilby. Eit anna kjenneteikn ved dei mest vellukka prosjekta er at dei er relativt sentralt lokaliserte – dei ligg altså ikkje i dei områda av landet som er prega av den kraftigaste demografiske motvinden.
 
Dei fleste kommunane oppgjev å ha «alle» som målgruppe for arbeidet sitt, men i praksis satsar dei nokså einsidig på småbarnsfamiliar, - særleg i form av tilbakeflyttarar. Forskarane peikar på at kommunane har vore for opptekne av å teikne nostalgiske bilete av distrikta, som naturskjønne idyllar der det tradisjonelle familielivet rår, og der det ikkje er plass til karrierer.  Skyggesida av dette er at dei sender ut eit signal om at distrikta ikkje er staden for dei som ikkje har ungar, og heller ikkje for dei som kunne tenkje seg å flytte dit på grunn av ein jobb.
 
Arbeidsinnvandrarar er den gruppa tilflyttarar som har «redda» folketalet i distrikta dei seinare åra. Dei passar ikkje inn i bilete av kven som høyrer heime i distrikta og har derfor ikkje vore omfatta av tilflyttingsarbeidet. Forskarane oppmodar politikkutformarane til å tenkje breiare om formål og innretning på tilflyttingsarbeidet.
 
Gro Marit Grimsrud (prosjektleiar) og Marit Aure har skrive rapporten på oppdrag frå Distriktssenteret. Prosjektet var eit samarbeid mellom ideas2evidence, Møreforsking og Norut.
 
 
Rapporten kan lastast ned her.
 
(Omlag 26:40-33:50, tilgjengeleg til 21.02.2014)
 
 
Andre oppslag om prosjektet: