Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Rapport om «Inn på tunet» presentert for fem departement

Rapport om «Inn på tunet» presentert for fem departement

I arbeidet med å lage ein nasjonal handlingsplan for «Inn på tunet» vart Møreforsking invitert til å presentere rapporten «Inn på tunet i kommunal tenesteproduksjon». Rapporten frå Møreforsking er den første som analyserar kommunane sin ståstad i forhold til dette tenestetilbodet.


På møtet deltok representantar frå Kunnskaps- , Helse- og omsorgs-, Arbeids-, Kommunal- og regional- og Landbruks- og matdepartementet.  I tillegg møtte Møreforsking representantar frå næringsorganisasjonane i landbruket, Matmerk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Universitetet for miljø og biovitskap (UMB).
 
Hovudfunna i rapporten «Inn på tunet i kommunal tenesteproduksjon» er at kommunane har god erfaring med å la ulike grupper få tilrettelagte tilbod på gardsbruk, men dårleg økonomi og høge krav til tilbydarane gjer at «Inn på tunet» blir nedprioritert.
 
Departementa og dei ulike næringsorganisasjonane viste stor interesse for rapporten og vil vurdere å inkludere fleire av funna i det vidare arbeidet med «Inn på tunet». 
 
For meir informasjon kontakt Geirmund Dvergsdal