Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kampen om kompetansen

Kampen om kompetansen

Regionalt næringsliv slit med å trekke til seg kompetanse. På RIP konferansen i Portugal førre veke presenterte Møreforsking Volda eit prosjekt om korleis distrikta kan trekke fleire folk.


RIP (Regional Innovation Policies) konferansen i Porto la VRI-forskarane Finn Ove Båtevik og Else Ragni Yttredal fram idear om korleis distrikta kan konkurrere med byane i kampen om kompetansen.
 
Det er eit aukande behov for rekruttering av personar med formell kompetanse i regionalt næringsliv. Mangel på slikt personell kan være ein flaskehals for innovasjon i bedriftene, seier Finn Ove Båtevik ved Møreforsking Volda.
 
Perifere og semi-perifere regionar kan ikkje by på dei same moglegheitene som storbyar kan. Ein har til dømes mindre variasjon i arbeidsmarknaden, mindre kulturtilbod og færre karrieremoglegheiter. No ynskjer forskarane frå Volda å finne ut korleis regionalt næringsliv kan trekkje til seg arbeidskraft med høg kompetanse.
 
- Vi er enda tidleg i prosjektet, men intervju med bedrifter og personar med høg formell kompetanse indikerer at arbeidsplassen, regionen, familie og sosiale nettverk er viktige faktorar når folk vel kor dei skal bu, seier Båtevik.
 
RIP konferansen fokuserer på regional forsking og innovasjon og er ein viktig møteplass for forskarar frå heile Europa. Det var 26 innlegg og artiklar frå Norske forskarar på RIP konferansen i Porto, med tema som varierte frå gruveindustri i Kirkenes til utvikling av nettverk innanfor spillindustri.