Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Naturfag med mål og meining

Naturfag med mål og meining

Gjennom etter- og vidareopplæringstilbodet Naturfag med mål og meining, har Høgskulen i Volda lagt opp til ei ny satsing for å styrke kompetansen til naturfagslærarane i skulen. Ordninga er no evaluert.

 
Møreforsking har evaluert ordninga Naturfag med mål og meining (http://www.moreforsk.no/default.aspx?menu=835 ).  Ordninga representerer ei ny satsing på etter- og vidareopplæring ved Høgskulen i Volda retta mot lærarar på Sunnmøre. Naturfag med mål og meining er lagt opp som to parallelle tilbod til Sjustjerna (sju kommunar på Søre Sunnmøre) og Nordre Sunnmøre kompetanseregion (elleve kommunar på Nordre Sunnmøre).
 
Det store fleirtalet av deltakarane er tydelege i tilbakemeldingane om at dei opplever å ha personleg utbyte av deltakinga i ordninga. Dei fleste kunne også tenkt seg å ha meldt seg på eit anna tilbod lagt opp på ein liknande måte som Naturfag med mål og meining om forholda ligg til rette for det ved eit seinare høve. Samstundes er del kritiske tilbakemeldingar til sider ved opplegget, mellom anna knytt til at tilbodet ikkje treff like godt for alle i målgruppa. Ordninga har også som mål å gi spreiingseffektar til kollegaer i skulane deltakarane har sitt daglege virke. Så langt er omfanget at slike spreiingseffektar relativt små, sjølv om dei ikkje er fråverande. Her er det også nødvendig å ha in mente at spreiing av erfaring er noko som tek tid.
 
 
Evalueringa er basert på tilbakemeldingar på spørjeskjema frå deltakarar, kollegaene til deltakarar, rektorar og skuleadministrativt tilsette.