Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

"Kven kan spare mest?" - Små tiltak gjev stor effekt

"Kven kan spare mest?" - Små tiltak gjev stor effekt

Enøk- konkurransen “Kven kan spare mest?” er avslutta, og resultatet frå alle klassane er klart. 300 elevar frå 15 klassar har gjort ein kjempeflott innsats for miljøet og for å spare energi. Alle som har delteke har også bidrege til at Enøk har fått meir fokus blant folk flest, og vi trur også at denne uhøgtidlege konkurransen har vist at sjølv små sparetiltak som kvar og ein av oss kan gjere utan “dramatiske” omleggingar, har effekt.

 
Etter å ha vurdert gjennomsnittleg sparing og sparing veke for veke, korrigert for temperatur m.m.  kom vi fram til følgjande liste for dei tre (fire) beste:
 
Klasse                                                                                    Snitt spart i %
1. Hasund skule, klasse 6b, Ulstein kommune                         24 %
2. Myklebust skule, Vanylven kommune                                  21 %
3. Ulsteinvik barneskule, klasse 6b, Ulstein kommune             14 %
3. Haddal skule, Ulstein kommune                                            14 %
 
 
Konkurransen har vore ein del av arbeidet med å skape positive haldningar til energiøkonomisering og klimaspørsmål. Den inngår som ein del av dei tiltaka kommunane har sett i verk i oppfølging av dei kommunale klimaplanane alle kommunane utarbeidde i 2009.
 
Du kan lese meir om bakgrunnen for konkurransen her.
 

Måndag 24. april 2012 starta konkurransen ”Kven kan spare mest?” Starten på konkurransen vart markert på Øyra Skule i Volda. Her fekk klasse 6A besøk av Geirmund Dvergsdal frå Møreforsking Volda og Harald Jarnes Lillebø frå Energiråd. Sunnmørsposten var også med på markeringa, og du kan lese artikkelen her (PDF).

 
Andre presseoppslag om konkurransen:
 
Vikebladet, 1. juni 2012:
 
 
Vikebladet, 14. juni 2012:
 
 
Vikebladet, 15. juni 2012:
 
 
 
Nærare informasjon om prosjektet Klimakutt Møre ved Susanne Moen Ouff og Geirmund Dvergsdal, Møreforsking Volda.