Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kommunesamanslåing Volda - Ørsta

Kommunesamanslåing Volda - Ørsta

Møreforsking Volda og Telemarksforsking har i samarbeid sett på fordelar og ulemper ved ei kommunesamanslåing av Volda og Ørsta kommunar. Områda samfunnsutvikling, økonomi, tenesteleveranse og strategisk fusjonsprosess er omfatta av utgreiingsrapporten.

 
Resultata viser at ei samanslåing av dei to aktuelle kommunane vil kunne hente ut fleire synergieffektar, noko som også er i tråd med den samfunnsutviklinga som har vore gjeldande i regionen. Den største endringa ved ei kommunesamanslåing vil omfatte endringar blant dei som er tilsette ved rådhusa. Det er ein marginal økonomisk gevinst å hente på inntektssida til ein ny kommune, men monaleg rom for kostnadseffektivisering av rådhusfunksjonane. Ein ny kommune vil ha god tid til å hente ut slike effektar.
 
Den største utfordringa kommunane står ovanfor ved vedtak om kommunesamanslåing er den faktiske prosessen med å integrere to ulike kulturar og arbeidsmåtar. Dette har den største risikoprofilen økonomisk sett om denne prosessen ikkje blir handtert på ein god måte.
 
Det er avdekka fleire fordelar enn ulemper, men dei ulike faktorane er ikkje vekta. Det er eit hermeneutisk aspekt ved samfunnsskildringa der kvar einskild vel å fortolke sine eigne omgjevnadar. Dei som bur i Volda og i Ørsta er sjølve med på å påverke dei skildringar som blir gitt av samfunnet, og skal samstundes fortolke dette til meiningsfylte forklaringsvariablar.
 
Prosjektorganisasjonen for utgreiinga har blitt leia av Møreforsking Volda ved forskar Erlend Krumsvik, i tett samarbeid med forskar Kjetil Lie ved Telemarksforsking. Den samla spisskompetansen frå begge organisasjonane er nytta i dette prosjektet; Telemarksforsking har hatt ansvaret for dei kommunaløkonomiske effektutrekningane, medan Møreforsking Volda har hatt ansvaret for tenesteproduksjon, samfunnsutvikling og strategisk fusjonsprosess.
 
Nærare informasjon om utgreiinga ved forskar Erlend Krumsvik, Møreforsking Volda.