Kompetanseutviklingsprogram for Boligsosialt arbeid og planlegging vart gjennomført på oppdrag frå Husbanken, Region Midt-Norge. Notatet er ein oppsummering av arbeidet Møreforsking Volda har gjennomført i prosjektet saman med Husbanken, Region Midt-Norge og kommunane Molde, Steinkjer, Stjørdal og Levanger.
Gjennom det siste året har dei fire kommunane vore samla til to felles nettverkssamlingar, og har gjennomført to arbeidsmøte i dei respektive kommunane der Møreforsking Volda og Husbanken har delteke. I tillegg har dei kommunale prosjektleiarane og arbeidsgruppene arbeidd sjølvstendig med ulike oppgåver og problemstillingar.
Hovudvekta i notatet er lagt på Social Network Analyses (SNA) og korleis ein har brukt det i analysen av det boligsosiale nettverket i kommunane.
Prosjektet har blitt finansiert gjennom Husbanken sine midlar for kompetanseutvikling, og gjennom substansiell eigeninnsats i kommunane.
Notatet kan du laste ned
her.