Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Levekår i Kristiansund

Levekår i Kristiansund

Kristiansund har sett i gang eit langsiktig arbeid for å betre levekåra i kommunen. Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe for å sjå nærare på desse spørsmåla. Som ei hjelp i arbeidet skal Møreforsking gjennomføre eit eige forprosjektet der ein ser nærare på levekåra i kommunen.

Generelt er levekåra i Kristiansund gode, men det er likevel slik at byen kjem svakare ut på ein del levekårindikatorar relativt sett jamført med andre kommunar i Møre og Romsdal. Resultatet av desse indikatormålingane er dokumentert i eit eige notat utarbeidd av Anne-Merete Halpern i  Møre og Romsdal fylke.
 
Det er difor sett i gang eit forprosjektet der ein skal kartlegge viktige levekårutfordringar i kommunen, samtidig som ein vil sette i gang ein prosess fram mot tiltak som kan betre situasjonen. I dette arbeidet blir det mellom anna arrangert eit eige dialogmøte, der politikarar, representantar frå ulike relevante område verksemda i kommunen, politi, kriminalomsorg, rektorar, sosiallærarar, foreldre, barne- og ungdomsorganisasjonar, ideelle organisasjonar, næringsliv osb. deltek.
 
Forprosjektet er finansiert av Kristiansund kommune og skal avsluttast hausten 2009.
 
Prosjektleiar er forskar Finn Ove Båtevik. Prosjektmedarbeidarar er forskarane Marte Hanche-Dalseth og Susanne Moen Ouff.
Frå første møte mellom arbeidsgruppa i Kristiansund kommune og Møreforsking. Bak fra venstre Bjarne Sandvik, Bente Elshaug og Margrete Magerøy frå Kristiansund kommune. Framme Marte Hanche-Dalseth og Finn Ove Båtevik frå Møreforsking.