Prosjektet Ekstremsport som grunnlag for reiselivsutvikling og busetnad har etablert eit tett samarbeid med sentrale aktørar innan ekstremsport på Vestlandet.
Prosjektet jobbar no med å innhente synspunkt frå aktive og frivillige som vi oppfattar som opinionsleiarar i ein naturbasert opplevings- og livsstilsmarknad.
Hovudmålet med prosjektet er å skape eit kunnskapsgrunnlag for å bidra til busetnad og bedriftsutvikling i lokalsamfunn på Vestlandet gjennom å vidareutvikle ekstremsportarrangement og adventureturisme i området.
Delmåla er å:
1. Identifisere moglegheiter og utfordringar knytt til utvikling av arrangement, bedrifter og busetnad med utspring i ekstremsportarrangement.
2. Identifisere viktige faktorar ved oppbygging av ein destinasjon og busetnad basert på hard adventure – turisme.
3. Skape eit nettverk mellom ekstremsportarrangement og ekstremsportutøvarar, reiselivsselskap, FoU, kommunar og fylke.
Prosjektet er finansiert av Regionalt Forskingsfond Vestlandet, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal.