Eit sterkt knippe av aktørar frå ekstremsport/friluftsmiljøet i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er invitert til nettverkssamling i Sogndal 20. - 21. september 2012. Målet med samlinga er både å knytte nettverk mellom dei ulike arrangementa, formidle resultat frå undersøkingar blant aktive og frivillige på ulike arrangement innan ekstremsport/friluftslivmiljøa, og tenkje i lag om korleis det bør jobbast vidare med prosjektet.
Du kan lese meir om prosjektet Ekstremsport som grunnlag for reiselivsutvikling og busetnad
her.