I tida 20. til 24. september byr Forskingsdagane på eit rikhaldig program i og rundt Volda. Møreforsking stiller med foredragshaldar Finn Ove Båtevik. Han skal presentere funn frå VRI-studien omkring rekruttering av kompetansearbeidskraft til marin og maritim sektor i Møre og Romsdal.
Korleis kan bedrifter og lokalsamfunn arbeide for å sikre god rekruttering av kompetansearbeidskraft også framover? Finn Ove Båtevik vil i sitt foredrag presentere funn frå eit større forskingsprosjekt gjennom VRI, med fokus på konkrete tiltak.
Måndag 23. september, kl 14:00-16:00
Quality hotel Ulstein , Ulsteinvik