Samarbeid mellom Møreforsking Volda, Høgskolen i Bergen og Høgskolen i Molde om å gjennomføre studie av “Inn på tunet”- konseptet i dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Dette er eit forprosjekt, finansiert av Regionalt Forskingsfond Vestlandet og Fylkesmannen, Landbruksavdelinga i dei tre fylka. I prosjektet skal ein gjennomføre ei kartlegging i alle kommunane av omfanget av bruk av "Inn på tunet"- tenester. Målet med dette er å skaffe meir kunnskap om omfanget og kritiske suksessfaktorar for dei som kjøper, dei som ikkje kjøper og dei som tidlegare har kjøpt slike tenester.
Prosjektet skal etter planen vere avslutta innan utgangen av 2012.