Nyheter

Kartlegg konsekvensane av koronapandemien for det eksportretta nærin...

kartlegge korona konsekvenser.jpg

Kartlegg konsekvensane av koronapandemien for det eksportretta næringslivet i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer ei systematisk oversikt over konsekvensane av koronapandemien for det eksportretta næringslivet i fylket. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast til å vurdere kva tiltak som verkar best for verksemdene i fylket, og det vil utgjere delar av kunnskapsgrunnlaget som fylkeskommunen skal bruke i dialogen med sentrale myndigheiter.

Møreforsking Molde har fått i oppdrag å lage undersøkinga for fylkeskommunen, og ho vert no sendt ut gjennom bransjeorganisasjonar og andre sentrale organisasjonar i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av at flest mogleg av verksemdene svarar på undersøkinga. Saman med andre undersøkingar gjort i enkelte segment av næringslivet, vil desse resultata danne eit godt grunnlag for å vurdere kva tiltak som skal settast inn på kort og lang sikt.

Følgjande bransjar skal svare på undersøkinga: 
  • Maritim næring
  • Olje og gass
  • Sjømat og marine næringar
  • Møbelindustri (og leverandørar til møbelindustri)
  • Reiseliv
  • Prosessindustri
  • Anna eksportretta næring (t.d. underleverandørar og liknande)