Vinnarane i Klimakampen 2009 er kåra! Etter "photo-finish" gjekk Bergslia og Hauemarkja barnahagar av med sigeren.
Klimakampen 2009 vart avslutta i forrige veke, og prosjektgruppa i Klimaplanprosjektet har slått fast at alle fem barnehagane har lagt ned svært mykje arbeid i dei tre vekene konkurransen har vart. Det vart fryktelig vanskeleg å avgjere kven som hadde gjort det best, og konkurransen enda med delt fyrsteplass til Bergslia barnehage i Herøy kommune og Hauamarkja barnehage i Sande kommune. Vi gratulerer!
Totalt har om lag 140 barn vore involvert i konkurransen.
Meir om Klimaplanprosjektet kan du finne
her.