Nyheter

Møreforskarar på radio

Møreforskarar på radio

NRK Møre og Romsdal sender for tida ein serie der dei presenterer forskarar i fylket og tema desse arbeider med. Randi Bergem og Finn Ove Båtevik frå Møreforsking Volda er blant forskarane som du kan høyre i denne serien. I eit innslag torsdag 20. mai presenterer Randi Bergem eit forskingsarbeid, der temaet er at ungdom skal bli betre i nynorsk og tryggare nynorskbrukarar. Finn Ove Båtevik gir eit innblikk i resultat frå prosjektet "Levekår i Kristiansund" i sendinga torsdag 27. mai.

Begge innslaga er tilgjengelege på nettsidene til NRK Møre og Romsdal:
 
Randi Bergem
 
Finn Ove Båtevik
 
Meir om prosjekta finn du på nettsidene til Møreforsking:
 
Med nynorsk til betre skriving - med skriving til betre læring:
 
Levekår i Kristiansund: