I eit innslag frå Høyanger bekreftar ungdom, lærarar og trenarar at idrettsmiljøet i bygda vil verte øydelagd om den vidaregåande skulen vert lagd ned.
Møreforsking publiserte nyleg ein rapport om konsekvensar av
nedlegging av vidaregåande skular i Nord-Noreg og Oppland.
I denne kjem forskarane Geirmund Dvergsdal og Margrethe Eikrem
Aarset fram til at nedlegging av skular kan føre til at ungdomen misser kontakta
med heimstaden.
Mange må pendle eller flytte på hybel. Lang reiseveg kan gå ut over idrett eller anna
engasjement blant ungdom. Dette kan svekke identiteten til staden og utarme ungdomsmiljøet.
Bilete: Skjermdump frå NRK.no