Rapporten er basert på ei følgjeevaluering av metodeutviklingsprosjektet "Arbeidsretta rehabilitering" ved BRISK kompetansesenter
Tilbodet er lagt til rette for at fleire langtidssjukmelde kan få eit arbeidsretta helse- og rehabiliteringstilbod.
Hovudkonklusjonen frå evalueringa er at kurset blir opplevd som eit viktig steg tilbake til arbeid og til eit betre liv for mange av deltakarane.
Dette er i samsvar med dei fire intensjonane bak tiltaket; nemleg å styrke føresetnadane for at kvar enkelt kan meistre kvardagen, meistre helserelaterte utfordingar, meistre sosiale utfordringar og styrke sjansane på arbeidsmarknaden.