I over to veker har studentar ved verdsarvstudiet ved Høgskulen i Volda vore på reise innover Storfjorden til Geiranger.
På denne tida har dei tolv studentane vitja fjordgardar frå Ytste Skotet og heilt inn til Geiranger. Dei har vitja husmannsplassen Severinbrauta i Eidsdal, paktarstova og Herdalssetra i Norddal. Denne veka vert samlinga avslutta med klasseromsundervisning i Volda.
Kurset utgjer ei halvårseining og kan nyttast i eit bachelor studium. Utviklinga av studiet er eit samarbeid mellom ulike avdelingar ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Helga Løvoll ved avdeling for kulturfag ved Høgskulen har koordinert arbeidet.