Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Forskar på digitale tilsynsløysingar

RoomMate_home.jpg

Forskar på digitale tilsynsløysingar

Mange som brukar omsorgstenester treng tilsyn på natta. Men mange opplever vitjinga som forstyrrande. Kan moderne teknologi gjere tilsynet like trygt men meir skånsamt? Dette forskar Møreforsking på.

Brukarar av omsorgstenester treng tilsyn om natta av ulike årsaker. Nokre har lett for å falle, nokre har demens, og andre igjen har ei psykisk utviklingshemming. Når nattevakta eller heimesjukepleiaren kjem inn for å sjekke at alt er bra, hender det at brukaren vaknar og slit med å sovne igjen, blir redd, eller føler vitjinga som inngripen i privatlivet. På grunn av store avstandar i kommunane i Møre og Romsdal er nattilsyn for personar som bur heime både tids- og kostnadskrevjande. Ulstein kommune og fleire andre i Arena for Læring om Velferdsteknologi vil difor tenke nytt kring natt-tenesta. 

Moderne teknologi til nytte?
Ulstein kommune har over tid prøvd ut det digitale tilsynsvertøyet Roommate, som er eit anonymisert visuelt tilsyn med automatisk varsling i kritiske situasjonar. Her loggar nattevakta seg inn på avtalte fastsette tidspunkt, og sjekkar at personen ligg i senga. Personvernet er ivaretatt ved at nattevakta kun ser eit omriss av personen, og ved at Roommate loggar kvar gong nattevakta loggar seg inn. 

Kva er fordelane?
Med fjerntilsyn vil ein til dømes unngå å forstyrre brukaren på natta, berre for å sjekke om han/ho har falle ut av senga. Roommate kan til dømes programmerast til å slå alarm når brukaren ikkje kjem tilbake til senga si etter å ha vore på toalettet. Løysinga er såleis meir effektiv enn ein tryggleiksalarm, som krev at brukaren aktiverer alarmen. På denne måten kan ein heller bruke tida til dei brukarane som faktisk treng hjelp.
 
(Artikkelen held fram under bildet)


 
-          Behovet for omsorgstenester for eldre og pleietrengande aukar. Det vi no forskar på kan gi nyttig informasjon til mange kommuner. Det er ein skrikande mangel på forsking på velferdsteknologi, seier leiar i ALV Møre og Romsdal, Cecilie Campbell.

Vi spør oss: Kan teknologien føre til tenesteinnovasjon? Betre bruk av ressursar? Og kanskje også økonomiske innsparingar? Det ønskjer Ulstein kommune, Sjustjerna kommunesamarbeid og Arena for Læring om Velferdsteknologi (ALV Møre og Romsdal) å finne ut av. 
Forskarane Lidun Hareide og Jorunn Rødal Hoås frå Møreforsking leiar forskingsarbeidet, som er finansiert gjennom Forskingsrådet si MobPro ordning. Ordninga skal bidra til å auke forskningsbasert innovasjon i privat og offentleg sektor. 

-          Vi synest det er svært spanande å forske på innovativ teknologi som Roommate og andre digitale tilsyn, og generelt på korleis ny teknologi skaper endringar i helse og omsorgstenestene, sier møreforskar Lidun Hareide. I dette prosjektet skal vi mellom anna undersøkje kva tida som vert spart inn vert brukt til, og om bruk av Roommate avdekkjer uoppdaga behov hos brukarane. 

Forskingsarbeidet er allereie i gang.