Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Høg kompetanse er ein knapp ressurs

Kranutsnitt

Høg kompetanse er ein knapp ressurs

Hovedfunna frå prosjektet "Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid" vart presentert som ein del av Forskingsdagane 2013.


Næringsliv og ei rekkje samarbeidsorgan for næringslivet og FoU-miljøa i fylket var godt representert, då seniorforskar Finn Ove Båtevik la fram dei viktigaste funna frå studien om kompetansearbeidskraft på Forskingsdagane 2013.
 
Det er eit aukande behov for arbeidskraft med høg formell kompetanse i marine og maritime næringar i Møre og Romsdal. Rapporten «Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid» tek for seg ulike faktorar som kan hjelpe bedrifter til å rekruttere og halde på arbeidskraft. 
 
Eigenrekrutteringa av høgt utdanna arbeidskraft er viktig, men ikkje tilstrekkeleg for dei marine og maritime bedriftene i Møre og Romsdal. Bedriftene er også ofte ute etter spesialkompetanse som ein må leite etter på ein nasjonal eller internasjonal arbeidsmarknad.
 
Undersøkinga syner at det er fire hovudfaktorar som er viktige for høgt utdanna arbeidskraft, som vel marine og maritime bedrifter i Møre og Romsdal:·          
 
Ei alternativ grunnhaldning: Det er eit klart potensiale i å spele på regionale fortrinn, i den samanhengen er natur og friluftsliv stikkord. Enkelte bedrifter har, med stort hell, medvite lagt vekt på å nå tak i «friluftsrallarane» i eiga rekruttering. Det er også lettare for bedrifter i Møre og Romsdal å tiltrekkje seg arbeidarar som uttrykker «storbyskepsis», og difor ikkje vil busetje seg i Oslo.
 
Det aktivum bedriftene representerer: Det tydleg at dei bedriftene som har greidd å utvikle ein inkluderande bedriftskultur profitterer på dette.
 
Den regionale arbeidsmarknaden: Mange bedrifter i marine og maritime næringar tener på at dei er del av eit kompetansemiljø som blir opplevd som attraktivt blant dei som er rekruttert inn og har vorte kjende med bedriftene og regionen.
 
Familie og vener: Familie er viktig for å velje å bu i fylket. Undersøkinga tyder likevel på at rekruttering utanfrå ikkje nødvendigvis er meir risikabelt enn å rekruttere lokalt. Samtidig er det teikn til at rekrutteringa utanfrå er styrka, noko som mellom anna kan koplast til arbeidsinnvandring.
  
VRI (Verkemiddel for Regional Innovasjon) har finansiert prosjektet.
 
Dette var fyrste gong forskingsmiljøet i Volda reiste til Ulsteinvik med eit arrangement i regi av Forskingsdagane. Arrangementet vart godt motteke av næringslivet.
 
  
 
 
24.09.13 Nyheitsoppslag i Sunnmørsposten: Tre av fire vil bli i regionen 
24.09.13 Nyheitssak på NRK Møre og Romsdal: Rekruttering til industrien