Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

På Nebo Bjerg? Vellukka seminar i Ulsteinvik om høgt utdanna utlendin...

På Nebo Bjerg? Vellukka seminar i Ulsteinvik om høgt utdanna utlendingar i den maritime klynga.

Maritimt Forum Nordvest, Mafoss og Møreforsking arrangerte onsdag 17. august 2011 eit felles seminar i Ulsteinvik om korleis høgt utdanna innvandrarar opplever møtet med den maritime klynga og med Sunnmøre.

 
Bakgrunnen for det felles seminaret var VRI-forskingsprosjektet ”Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid – Kva gjer marine og maritime arbeidsplassar i Møre og Romsdal attraktive for høgt utdanna arbeidskraft”.
 
Som ein del av dette forskingsprosjektet har det blitt gjennomført ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på Møre. Studien omfattar høgt utdanna arbeidstakarar med utanlands bakgrunn som i løpet av dei siste fem åra har fått jobb i maritime bedrifter i Giske, Ålesund, Sula, Hareid, Ulstein eller Herøy. Studien er gjennomført av Marte Wilhelmsen Solheim som ei masteroppgåve knytt opp til Møreforsking Volda. Oppgåva kartlegg erfaringar og synspunkt som slike innvandrarar har i forhold til arbeidssituasjon, deltaking i bedriftene sine innovasjons- og utviklingsprosessar, men også korleis dei opplever stadane dei bur, sosiale nettverk, relasjonar og livskvalitet.
 
Masteroppgåva og temaet som denne omhandlar vart satt på dagsorden under seminaret der m.a. fleire representantar frå den maritime klynga kommenterte både oppgåva og ulike aktuelle problemstillingar som oppgåva drøfta. Seminaret samla om lag 40 deltakarar frå maritim næring, utdanningsinstitusjonar og opplæringskontor, NAV, NCE og fleire andre sentrale aktørar knytt til den maritime klynga på Sunnmøre.
 
På Nebo Bjerg - Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på Møre? kan du laste ned her.
 
Kronikken På Nebo Bjerg? i Sunnmørsposten den 17.08.2011 kan du lese her:
 
 
Vidare har Sunnmørsposten den 16.08.2011 følgjande oppslag i samband med masteroppgåva til Marte Wilhelmsen Solheim:
 
 
Vikebladet har følgjande oppslag frå seminaret: