Produkt- og marknadsutvikling for ulike djuphavsarter i Nord-Atlanteren.

Produkt- og marknadsutvikling for ulike djuphavsarter i Nord-Atlanteren.

Forfatter(e):

Kari Lisbeth Fjørtoft

Utgiver:

Møreforsking Marin

Oppdragsgiver:

Fiskeridirektoratet ”Arbeidsgruppe for dyphavsfiske i Nord Atlanterhavet”

Rapportnr:

Å9817

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

84

Nøkkelord:

Dyphavsarter,  Marked,  Produksjon 
Hovudmålsetninga for dette arbeidet var å legge grunnlag for lønnsamt fiske etter lite utnytta djuphavsarter. Det har i prosjektet vore fokusert på muligheiter for omsetting av djuphavsarter i ulike marknader. Det er utført marknadsundersøking i Frankrike, Spania, Portugal, Taiwan og Singapore.
 
Resultata frå dette arbeidet viser at det bør vere gode muligheiter for å få eksportert fleire dyphavsarter til Frankrike, både fersk og frosne. For frosne produkt er det på kort sikt mest aktuelt med filetprodukt av kvitfisk-djuphavsartene. Desse blir anbefalt selt i den franske marknaden, men på litt lengre sikt er dei spanske og portugisiske marknadene og aktuelle.
 
På kort sikt er følgjande arter mest interessante for kommersiell utnytting: Djupvannshå, brunhå, skolest, isgalt, dolkfisk, orange roughy, mora, skjellbrosme, dyphavsabbor, vrakfisk og rød beryx.
 
På lang sikt er gråhå, stor svarthå, islandshå, havmus, blå antimora og evt. andre arter aktuelle.