Ein resept å gå for? Evaluering av modellar for fysisk aktivitet, røykeslutt og...

Ein resept å gå for? Evaluering av modellar for fysisk aktivitet, røykeslutt og sunt kosthald

Forfatter(e):

Finn Ove Båtevik, Randi Bergem, Anders Tønnesen, Unni Aarflot, Johan Barstad

Utgiver:

Møreforsking

Oppdragsgiver:

Sosial- og helsedirektoratet

Rapportnr:

225
|

Isbn/Issn:

978-82-7692-289-9

Publikasjonstype:

Arbeidsrapport
|

Sidetall:

177

Nøkkelord:

Folkehelse,  Fysisk aktivitet,  Følgjeevaluering,  Livskvalitet 

Rapporten "Ein resept å gå for? Evaluering av modellar for fysisk aktivitet, røykeslutt og sunt kosthald" er basert på eit oppdrag gjennomført for Helsedirektoratet. I 2005 løyvde Helsedirektoratet midlar for utprøving tre modellar; Frisklivsmodellen, Fysiotekmodellen og Kompetansemodellen. Gjennom desse modellane har det vore arbeidd med å legge til rette for ordningar som kunne gi oppfølging til grupper som fall utanfor dei eksisterande tilboda for trening og rettleiing med tanke på endring av levevanar. Erfaringar, mellom anna frå ordninga med "Grøn resept", viste at endring av levevanar ofte krev eit system for oppfølging av den enkelte. Denne rapporten ser på det utviklingsarbeidet som har vore gjort i forhold til å lukkast med å organisere, forankre og implementere dei aktuelle modellane. Utviklingsarbeidet omfattar i alt 32 kommunar fordelt på fem fylke. Vidare ser den på dei erfaringane ein har gjort med modellane, ikkje minst sett frå brukarsida. Det ligg føre to rapportar, ein hovudrapport og ein kortversjon.