Undersøkinga Ung i Møre og Romsdal er no gjennomført tre gonger; i 2007, 2009 og 2015. Til saman omfattar undersøkinga meir enn 3.500 ungdommar i vidaregåande opplæring. Av desse var knapt 1.200 med i undersøkinga i 2015.
Undersøkinga tek opp fleire ulike tema som ungdomsdemokrati, organiserte fritidsaktivitetar, spørsmål om utdanning, arbeid og framtid, kunnskap om Møre og Romsdal fylkeskommune, trivsel og den pågåande debatten om kommunereform. Formatet på analysen gir berre rom for korte og konkrete kommentarar til dei tendensane som teiknar seg.
Hovudmønsteret viser ikkje nokon dramatiske endringar i tilbakemeldingane frå det eine «ungdomskullet» til det andre. Vi har likevel merka oss nokre punkt. Utdanning og vegen inn på arbeidsmarknaden er eit sentralt tema både for ungdommane sjølve og fylkeskommunen. Her er det interessant å merke seg at dagens ungdom har større kjennskap både til utdanningstilbod og arbeidsmarknad i eige lokalmiljø og eige fylke enn ungdom for 5 og 8 år sidan. Betydinga av karriererettleiingsdagen og auka kjennskap til det arbeidet fylkeskommunen gjer i forhold til karriererettleiing og ungt entreprenørskap er interessant i forhold til dette. I kva grad dette endrar ungdommane sitt syn på om deira eiga framtid ligg i Møre og Romsdal, er eit anna spørsmål. I den grad vi ser endringar i haldningane til slike spørsmål, kjem dette til uttrykk ved at fleire enn tidlegare er usikre på om dei har ei framtid i fylket eller ikkje. Når det gjeld spørsmål som ligg nærare kvardagen til den enkelte her og no, registrerer vi til dømes ein nedgang i tal ungdommar i vidaregåande som driv organiserte fritidsaktivitetar. Manglande opplæring i elevrådsarbeid kan også vere eit punkt å merke seg. Når det gjeld kjennskapen til arbeidet til fylkeskommunen, har til dømes kunnskapen om Kultursekken auka sterkt over tid. Vi ser også at fleirtalet av ungdommane trivst både i skule og nærmiljø, sjølv om det også er ein ikkje ubetydeleg del av ungdommane som har vanskar som kan sette preg på kvardagen deira.