Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Overraskande funn på Søre Sunnmøre

bilde 2.jpeg

Overraskande funn på Søre Sunnmøre

I Møre og Romsdal finns mykje korallar samanlikna med andre stadar langs kysten. Derimot har Søre Sunnmøre utmerka seg som eit område med få registreringar. Spørsmålet vi stilte oss var: Finns det mindre korallar her, eller har ingen sett etter? Førre veke var forskarar frå Runde forsking og Møreforsking AS i Rovdefjorden for å kartlegge.

Som del av prosjektet Blågrønt samarbeid, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, brukte vi tre dagar på korallkartlegginga. Med bruk av ROV (fjernstyrt undervassfarkost) fann vi overraskande mange korallar av ulike artar, til dømes revbyggjande korall av typane øyekorall (Desmophyllum pertusum) og sikksakk-korall (Madrepora oculata).  På ein av lokasjonane fann vi så store samanhengande førekomstar at det kan definerast som eit korallrev.  

- Det å finne so mykje korall i Rovdefjorden - til og med eit korallrev - er fantastisk, seier forskar Trond Roger Oskars ved Møreforsking AS. 

- Med hjelp av dei nye detaljerte batymetri- og sedimentkarta frå Marine Grunnkart kan vi lettare  finne moglege korall-lokalitetar før vi undersøker med ROV’en, fortel Ørjan Sørstrønen Vabø frå Runde Forsking, som var toktleiar under korallundersøkingane.  

Artikkelen held fram under bildet. 



Frå venstre: Margrete Emblemsvåg (Møreforsking), Ørjan Sørstrønen Vabø (Runde Forsking) og Trond Roger Oskars (Møreforsking) etter ei runde undersøkingar i Rovdefjorden.  

Viktige for naturmangfaldet

Korallar er artar som dannar sårbare naturtypar som vi framleis veit lite om, spesielt mengde og artar som finns i fjordane våre. Korallar er viktige for biodiversiteten og livet i havet ved at dei dannar komplekse 3D-strukturar som er viktige habitat for andre organismar, til dømes oppvekstområde og skjul for fiske-yngel. 

Kartlegginga gir ny kunnskap

Korallar veks seint og er skjøre. Derfor er dei spesielt sårbare for mekanisk skade som til dømes tråling, ankring og garnsetting, og forureining frå marin industri. Øyekorall veks berre 2 til 10 millimeter i året langs norskekysten, og det kan ta mellom 100 og 500 år å bygge eit ein meter høgt korallrev. Kartlegginga som no skjer gjennom dette prosjektet er viktig for å få meir detaljert kunnskap om førekomstane av korallar i Møre og Romsdal. Det er viktig for ei best mogeleg forvaltning. 

- Dersom Rovdefjorden er eit eksempel på kva ein kan finne i andre liknande fjordar, har fylket vårt langt større førekomstar av korallar enn tidlegare trudd, seier forskar Margrete Emblemsvåg ved Møreforsking AS. 

Prosjektleiar Liv Guri Velle ved Møreforsking seier at funna er svært interessante.
- I dette prosjektet har vi sett søkelys på trua naturtypar i kystsona, og vi er veldig interesserte i å både kartlegge dei, og etter kvart også vurdere den økologiske tilstanden til naturtypane. Då er det særleg kjekt at samarbeidet mellom Runde Forsking, NORSØK og Møreforsking gir resultat, seier Velle. 

På bildet øverst: 


Korallane sjøtre (Paragorgia arborea), Antothela/Laetothela, og sikksakk-korall (Madrepora oculata) saman med anemonen mudderbunnsjørose (Bolocera tuediae).  


Eit korallrev av øyekorall (Desmophyllum pertusum, tidlegare Lophelia pertusa).