Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ubudne gjestar i kystnaturen

sitkagran som har spreidd seg frå nærståande planteskog til kystlynghei i Øygarden_foto NLA.jpg

Ubudne gjestar i kystnaturen

Visste du at vi får stadig fleire ubudne gjestar i kystnaturen vår? Framande treslag frå plantefelt i skogbruket som forvillar seg inn i semi-naturlege naturtypar!
- Dette er ein trussel for den sårbare naturen her, og det krev eit krafttak for å få dei bort, fortel møreforskar Liv Guri Velle.

Bruken av framande treslag i skogplantinga går ned, og dette synes vi er svært bra, for påverknaden desse treslaga har på naturen vår er nok meir omfattande enn det vi tidlegare har trudd. Eit av dei framande treslaga som forvillar seg inn i norsk natur, er sitkagrana, som vi stadig ser meir av i ulike naturtypar. Heldigvis har vi meir kunnskap om framande artar i dag enn tidlegare. Kunnskapen kjem frå både forsking og erfaringar vi har gjort oss etter skogreisinga i etterkrigstida. Gjenreising av skog var ei viktig politisk sak, og store ressursar blei brukt på å rette opp avskoginga som hadde føregått heilt tilbake til jarnalderen. Plantinga var eit samarbeid mellom statlege, kommunale og private instansar, og mange grunneigarar var involverte i arbeidet. Tanken var god, skogplantinga skulle sikre inntekter og danne grunnlag for ein ny industri.


I dag er fleire av desse plantefelta hogstmogne og vi kan hauste av arbeidet førre generasjon la ned. Men ikkje alt har gått som planlagt. Fleire av plantefelta er ikkje økonomisk drivverdige fordi dei er for små, for langt unna eller i utilgjengeleg terreng. I tillegg består mange av plantefelta av framande artar som påverkar naturen vår på ein negativ måte. Framande artar er artar som opptrer utanfor si naturlege utbreiing, og det er menneske som bevisst eller ubevisst har ført med seg artane. Noreg har ei eiga liste over framandartar, og her er invasjonspotensialet og økologisk effekt på stadeigen natur vurdert for kvar enkelt art. Mange av artane er ein trussel for norsk natur, og kunnskapen og merksemda rundt framandartar er aukande.

 

Kvifor ein trussel?
Trusselbiletet oppstår når dei framande artane spreier seg og medfører negative økologiske effektar for naturen vår. Generelt sett kan framande artar påverke naturen på fleire måtar, mellom anna ved at dei konkurrerer ut artar som naturleg høyrer heime, endrar strukturar og funksjonar i naturtypar og habitat, kryssar seg med naturlege artar eller ber med seg sjukdommar.


Ein av naturtypane vi har arbeidd mest med i forskinga vår, kystlyngheiane, har i dag ein stor påverknad av framande artar. I raudlista for naturtypar er kystlyngheia vurdert som sterkt trua (EN), og framande artar er ein av fleire påverkingsfaktorar som utgjer ein trussel for majoriteten av arealet til naturtypen. Dei framande artane kjem frå fleire kjelder, både hagar, landbruk og skogbruk, og dei spreier seg som regel frå frø som vert ført inn i lyngheia med vind, ei såkalla forvilling.

Typiske artar som forvillar seg inn i lyngheia frå plantefelt eller leplantingar er sitkagran- og lutzgran, buskfuru (alpe- og bergfuru) og vrifuru. I framandartslista er sitkagran og lutzgran vurdert samla, ettersom dei er vanskelege å skilje frå kvarandre taksonomisk. Alle desse gran- og furuartane er framande artar med eit stort invasjonspotensiale og er å finne i kategorien svært høg risiko (SE), og med høg til medium negativ økologisk effekt på norsk natur. Dei har stor frøproduksjon, som lett kan spreie seg med vind og artane har i tillegg lang levetid og stor ekspansjonshastigheit. Generelt har artane størst spreiing nær morbestandane sine, men ein får stadig meir dokumentasjon på langdistansespreiing, som for eksempelvis opp til 2 km for sitkagran (Thorvaldsen 2016).

Artikkelen held fram under bildet.

 

Har du sett slike? Dette er frøspirar frå sitkagran som har etablert seg i kystlynghei på Tarva. (Foto: Liv Guri Velle, Møreforsking)


Kystlynghei – med ubedne gjestar
Kystlyngheiane får rett som det er ubedne gjestar på besøk. Dette er ein semi-naturleg naturtype som er karakterisert av eit ope landskap dominert av lyngplanter, og der røsslyng er ein viktig art. Lyngheiane må skjøttast for å haldast i hevd, og dette har kystbønder gjort i generasjonar ved hjelp av lyngsviing, beitebruk og tidlegare også slått. I dag er heilårsbeiting med gammalnorsk sau i kombinasjonar med lyngsviing dei vanlegaste skjøtselsmetodane. I byrjinga kan frøspirane frå dei framande treslaga vere vanskelege å sjå innimellom lyngen, men etter kvart veks dei i frå lyngplantene i høgda.

Undersøkingar har vist at særleg sitkagran/lutzgran har ein negativ effekt på dei lyskrevjande og typiske lyngheiartane, medan mosar som toler skygge klarer seg betre (Saure et al. 2013). Framandartane etablerer seg overraskande bra i lyngheia, og vi har i dei siste åra blitt merksame på kor raske artane kan vere med å komme inn etter ei forstyrring, slik som i nysvidde brannflater (Vikane et al. 2013) . Dette har gjort til at ein i større grad må ta omsyn til korleis ein går fram når ein skal svi lynghei der ein har plantefelt med framande treslag i nærleiken. Då vert oppfølginga av suksesjonen i brannflata svært viktig, og ein må planlegge for manuell fjerning av framande artar.

Dette er eit tiltak vi i stadig større grad legg inn i skjøtselsplanane til bøndene. Uønskte frøspirar må rykkjast opp, og her er beitedyra til lita hjelp, ettersom dei ikkje beiter på desse treslaga. Ein ser også no fleire eksempel på at enkelttre eller plantefelt med framande treslag vert fjerna, slik at ein unngår frøspreiinga inn i kystlyngheia. Fjerning av frøkjelder er effektive og varige tiltak.



Kontaktperson:
Liv Guri Velle
forsker og forskningsleder i Møreforsking
 

 

Kjelder

Thorvaldsen, P. 2016. Sitkagran Picea sitchensis i stor spredning i det norske kystlandskapet. Eksempel fra Stadtlandet, Selje kommune. Blyttia 74: 160-171

Saure, H.I., Vandvik,V., Hassel,K. & Vetaas, O.R. 2013. Effects of invasion by introduced versus native conifers on costal heathland vegetation. J.Veg.Science 24: 744-754

Vikane, J.H., Vandvik,V. &Vetaas, O.R. 2013. Invasion of Calluna heath by native and non-native conifers: the role of succseeion, disturbance and allelopathy. Plant Ecol. 214: 975-985

 

Om forfattarane

Liv Guri Velle sine forskingsinteresser ligg i koplinga mellom effektar av arealbruksendringar og klimaendringar på semi-naturleg natur, særleg knytt til naturtypen kystlynghei. Ho har stor interesse for ulike hevdregime og korleis desse påverkar naturgode som økosystem funksjonar, naturmangfald og matproduksjon.

Heidi Iren Saure sine forskingsinteresser er særleg knytt til planting av gran og verknader på artsrikdom og naturtypar. Ho undersøkjer m.a. potensialet for å restaurere kystlyngheier etter fjerning av planteskogar av sitkagran.
 
Blogginnlegget vart først publisert her:
https://blogg.forskning.no/blogg-sokelys-pa-skogplanting/ubedne-gjestar-i-lyngheia/1793286