Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Forsking er viktig infrastruktur

kronikk regional forskning_foto Thomas Negård_lite.jpg

Forsking er viktig infrastruktur

Kompetanse som blir utvikla gjennom forsking og høgare utdanning er ein viktig føresetnad for eit framtidsretta næringsliv. Gode kompetansemiljø er med på å gjere regionane og næringslivet meir attraktivt. Regionale forskingsinstitutt er viktige for å utvikle livskraftige regionar.

Ei samfunnsøkonomisk analyse frå forskingsavdelinga i Kommunenes Sentral Forbund underbyggjer akkurat dette og peikar på kor viktige fylkeskommunane er som samfunnsbyggarar og sentrale brikker til å sette i gong  og delfinansiere utviklingsarbeid, samhandlingsprosjekt, nettverkstiltak og kompetansetiltak. Forsking og høgare utdanning i regionane kan òg bidra til å hjelpe på andre samfunnsutfordringar.

Vi treng dei unge

Den demografiske utviklinga i Noreg er tydeleg. Livssyklusen til  busettingsmønsteret i Noreg prega av at ungdommen flytter til dei store byane og utdanningsinstitusjonane etter vidaregåande skule. Flyttestatistikkane for Møre og Romsdal viser at vi har mest utflytting av ungdom i Noreg, og at dei fleste av våre unge flyttar til dei store «universitetsfylka» Trøndelag, Hordaland og Oslo. Men vi treng godt utdanna unge innbyggarar for å bygge regionen vår vidare. Ein av våre viktigaste oppgåver – og utfordringar – er derfor å hente utflytta unge tilbake etter fullførd utdanning. Vegen heim blir for mange lang og det er  heller ikkje mange ungdommar frå andre fylke som vel å ta utdanning og busette seg i Møre og Romsdal.

Tar grep

Dette har Møre og Romsdal Fylkeskommune tatt tak i og har et mål om å  få ungdomen tilbake til fylket. Grepa er fleire. Større arrangement som «Bli med heim», informasjonsspreiing og ulike rekrutteringsframstøyt kan nemnast. No har ein sett i gang eit prosjekt  for å etablere  og flytte statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal, et grep som også inkluderer fleire stillingar innanfor forsking og høgare utdanning. Det viser seg  at fylket har lågare del med høg akademisk utdanning enn mange andre fylke i Noreg. Samtidig blir det drive med stadig meir kompetanseutvikling i næringslivet her. Næringslivet vårt ønsker at vi utviklar kompetansemiljøa i regionen for å kunne tilby enda meir relevant og anvendt kompetanse.  

Sentralisering av forsking og utdanning?

Sentralisering av forsking og utdanning  til dei store byane har direkte innverknad på straumen av ungdom som flyttar frå Møre og Romsdal. Argumentasjonen for denne sentraliseringa er at ein treng store og robuste fagmiljø for å kunne oppretthalde kvalitet og konkurransekraft. Disse miljøa blir attraktive sidan dei er store og komplekse. Dette er arbeidsplassar som er viktige for Norge, men som likevel aldri heilt kan erstatte den viktige kompetansebygginga i regionane.
Næringslivet vil ha aukande behov for å få tilgang til relevant forskingskompetanse. Nærheita til bedriftene og næringane som dei regionale forskingsinstitutta har, gjer at dei har utvikla ei inngåande forståing både for fag, næring og kultur - som er eit viktig utgangspunkt for dialog og samarbeid. Denne nærheita – geografisk og relasjonsmessig - dannar eit svært godt utgangspunkt for å drive forskingsbasert næringsutvikling.

Forskinga si samfunnsrolle i endring

Naturvitskapleg forsking har tradisjonelt vært en profesjon som handlar om å finne ut korleis   naturen heng saman. Korleis vi i dag forvalta naturressursane våre både i havet og på landjorda er i svært stor grad basert på rådgiving frå forskingsmiljøa. Dei store samfunnsutfordringane som vi må løyse handlar om klima, folkehelse og næringsutvikling.

I langtidsplanen for forsking som vart lansert i 2019 peiker ein på at det må drivast med  forsking som bidreg til vekst i samla verdiskaping og som gir nye lønsame arbeidsplassar og bidreg til å omstille norsk økonomi. Vi står midt i eit grønt skifte som mellom anna handlar om teknologi, digitalisering og omstilling. Naturressursane er i fokus og havet er eit eige innsatsområde. Gjennom forskinga vår - frå alle hjørne av Norges land - skal vi sørge for å ta del i den globale dugnaden for ei meir berekraftig verd. Då treng oss eit godt utval av uavhengige forskingsinstitutt som komplimenterer kvarandre. Vi må forske på korleis økosystema våre blir endra og korleis dei skal forvaltast og ikkje minst korleis skal ein hauste og produsere mat frå hav og land medan klimaet endrar seg og forureininga  av matfatet vårt aukar. Utfordingane er globale, men må til ei viss grad løysast lokalt. Med vår lokalkunnskap, kulturforståing og erfaring kan vi bidra også der.

Kva no Møre og Romsdal?

Gjennom dei rammevilkåra styresmaktene vedtek, ser vi at dei nasjonale forskings- og universitetsmiljøa i dei store byane vert styrka. Dette er viktig, men må ikkje stå i vegen for også å stimulere gode og relevante kompetansemiljø i regionane. Både Forskningsrådet si evaluering av instituttsektoren og Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) sine analyser viser at det er viktig med store kompetansemiljø, men at det også er «små» forskingsgrupper som leverer kvalitet. Dette kan være forskingsgrupper med storleik opp til 10-12 forskarar. Korleis skal Møre og Romsdal posisjonere seg i denne samanhengen? Fylket har i dag fleire fagmiljø som leverer god og relevant forsking for næringsliv. Som stadig bidreg til viktig verdiskaping og regional utvikling.

Det er naudsynt å stimulere til ytterlegare vekst og kompetanseutvikling i alle hjørne av landet. Fylka bør ta sin del av ansvaret for å stimulere til å støtte dei viktige regionale kompetansemiljøa sitt arbeid for dette.

Fylkeskommunen i Møre og Romsdal sitt viktige arbeid med strategi for forsking og innovasjon i næringsliv og offentleg sektor blir lagt merke til. Fokuset gir oss fortrinn som vi må vite å ta vare på og vidareutvikle. Med ein god og langsiktig strategi vil vi kunne skape ein stadig meir attraktiv region, nye arbeidsplassar og konkurransekraft nasjonalt og internasjonalt både for næringslivet og forskingsmiljøa.
 
Nils-Roar Hareide, daglig leiar, Runde Mijøsenter
Agnes Gundersen, direktør, Møreforsking as
Turid Strøm, daglig leder Norsøk

Illustrasjonsfoto: Tomas Negård. 

Kronikken har stått på trykk i Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke.